Set sterke spor

Byrået Sydvest er leiande innan strategisk kommunikasjon og visuell profilering.

Med to sterke fagmiljø med erfaring tilbake til 1980-talet er me spesialistar i alt frå industrimerking og skiltproduksjon til optimalisering i digitale kanalar. Våre spesialister jobbar i felleskap i eit kreativt miljø med mål om å skapa begeistring og resultat.

Me er alt ein forventar av eit større reklamebyrå og eit solid profilbyrå med spisskompetanse på produkt, produksjonsteknikk og trendar. Dette i kombinasjon opnar for unike løysingar som i høgaste grad er «ut av boksen». Med høg kompetanse for materiellforståelse veit me kva som fungerer både digitalt og på tradisjonelle flater.

Vår styrke er ei anna samansetjing av kompetanse og tenester enn tradisjonelle reklamebyrå. Byrået Sydvest er ein miks av to selskap: det eine eit klassisk reklamebyrå, Sydvest med sin oppstart i 1981 og Byrået Design og profilering med røter tilbake til 1985. Disse to tradisjonsrike selskapa her på kvart sitt område helde seg i forkant av utvikling i teknologi, kommunikasjon og trendar.

Med meir enn 20 medarbeidarar er me det største reklamebyrået i Sunnhordland. Vår breidde av kompetanse og tenestespekter er unik på Vestlandet.
Sjå eit utval av våre arbeid >Sjå vår showreel >Kontakt oss >