Byrået Sydvest har eigen avdeling der me er forhandlar av profileringsartiklar, firmagåver, profil- og arbeidstøy. Me er medlem av Gosh!, som er den største profilkjeda i landet.

Gjennom vårt medlemskap i Gosh! sikrar me deg dei beste produkta og du kan nyte godt av våre prisgunstige innkjøpsbetingelsar. Våre seljarar gjev deg erfarne råd, slik at du kan vera trygg på at me saman finn rette firmagåva eller sikrar deg dei produkta som løftar arrangementet ditt. Om du treng arbeidstøy har me kjende merkevarer å tilby som Helly Hansen og Jobman. Me fører òg andre kjende merkevarer som Craft, Twentyfour, Camelbak, Stanley, Georg Jensen, Rosendahl, Elvang, Cutter & Buck.

Du kan bestilla alle produkt med og utan logotrykk, og velje logomerking som brodering, transfer med forskjellige effektar, gravering, silketrykk eller tampotrykk.

I september har me ei årleg haustmesse der du er hjarteleg velkommen til å sjå vårt utval. Me håpar å sjå deg der i år!

Me fører ei rekkje merkevarer.

Og leverer bekledning som passar både på kontor og i produksjonslokaler.

Alle våre profileringsartiklar kan bli levert med din logo og farge.

Me leverer òg ei rekkje flotte gåveartiklar.

I tillegg til tradisjonelle gåve- og profileringsartiklar kan me levere ei rekkje elektroniske artiklar, som denne batteribanken.

Me hjelper deg gjerne med utforming av artiklane direkte med designar her på huset.

Kom gjerne innom lokala våre i Hatlandsmyro 11 for å sjå utvalet vårt, og prøv kleda på!

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Ingrid Våge

Avdelingsleiar Gosh og rådgjevar

Tove Tranøy

Sal og rådgjevar

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt