Med bodskapen «Du veit du går på Fitjar når kvardagane er gode!» lot me søkjarar og foreldre få ein smugkikk på skulekvardagen på Fitjar.

Ein søknadskampanje i sosiale medium med fokus på det å bli sett av lærar og medelev, på tryggleik og eit godt skulemiljø. Me gav sjåaeren innblikk i typiske kvardagssituasjonar. Me følger eleven som et frukost i kantina, får eit hyggeleg smil frå kantinedama, slår av ein prat med rektor, får ein oppmuntrende kommentar på matteprøven og ein snap som inviterer på sjokolade frå skulekjøkkenet. Små kvardagsglimt frå det som betyr noko om ein skal trivast.

Søknadskampanjen inkluderte ein serie med selfie-motiv der me fanga eleven og deira syn på trivsel, samhold og kunnskap. Det vart laga facebookannonser, roll-ups og messevegg til utdanningsmessa. Me lanserte også ein instagram-konkurranse der elevane vart utfordra på å fotografera kvardagssituasjonar som passa kampanje-mottoet. I tillegg laga me fleire videoar tilpassa kvar fag-linje.

Med på prosjektet hadde me ein dyktig student frå UiS, Justine Fonn Sætre, som mellom anna redigerte filmen du ser under.

Kampanjen gav stort engasjement både internt og eksternt. Skulen fekk stor merksemd og elevar og lærarar vart inkluderte i heile prosessen. Resultatet vart auka søknadsmasse for enkelte linjer og ein nøgd skuleledelse, som i tillegg til eit godt kampanjeresultat, fekk auka kunnskap og fart på produksjonen av eige engasjerande innhald i sosiale medium.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Magne Langåker

Rådgjevar og fotograf

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt