Steinsvik (Scale AQ) satsar på digital læring i eige akademi. Selskapet er ein verds­leiande teknologi­leverandør til den globale havbruks­næringa.

I samarbeid med Klok Produksjon AS, produserte me i Byrået Sydvest digitalt kursinnhald for Steinsvik.

Dette omfatta manusproduksjon, kursoppsett, innhaldsproduksjon og administrering av læringsportal. Manus vart utarbeida i samarbeid med fagekspertar hos Steinsvik med fokus på å få til digital læring som er enkel, engasjerande og forståelig.

Gjennom verkemiddel som video, animasjon og interaktivitet får dei tilsette eit høgt læringsutbytte. Eigen læringsportal gjev nivåtilpassa læring og leiinga har til ei kvar tid oversikt på kven som har fått opplæring og kva tilbakemelding dei har fått.

Om digital læring:

Me står i dag ovanfor kontinuerlige endringar i arbeidslivet. Det er krav til hurtige endringar og rask omstilling. Det vert stadig lansert nye system, nye rutinar og ny teknologi. Med satsing på digital læring er det enkelt og rimeleg å oppdatere kursinnhaldet, og til ein kvar tid ha ein oppdatert læringsportal.

Kurset kan gjennomførast på alle flater, og etter gjennomføring kan kurset fungera som eit oppslagsverk for dei tilsette.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Magne Langåker

Rådgjevar og fotograf

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt