Midtfjellet Vindkraft får stadig spørsmål knytta til drift, teknologi, miljø og klima. I ny nettstad står selskapet fram med ei sterk stemme i klimadebatten og gir sine svar til publikum.

Dette var eit redesign av nettstaden deira, som me laga for nokre år tilbake som del av ein større kommunikasjonsplattform. I det nye designet var hovudfokus å gje publikum lettast mogleg tilgang til selskapet sitt syn på vindkraft og utfordringar knytta til klima og miljø.

Mykje tekst skulle formidlast, og designet skulle støtta opp om tekst på ein lettfatteleg måte. Nydlege motiv frå Midtfjellet vart kombinert med illustrasjonar og tekstkarusellar som leia folk inn på ei eiga «spørsmål og svar»-side, og nettstaden står fram som eit enkelt oppslagsverk for dei som vil vite meir om vindparken, vindkraft, klima og miljø.

Midtfjellet Vindkraft står fram som ein aktør som tek klima på alvor. Fornybar energi vil vera avgjerande for å stoppe klimakrisa. Vind, vatn og sol – me treng all den fornybare energien me kan få!

Bruk av tekstkarusellar i samband med illustrasjonar leiar lesaren inn på «spørsmål og svar»-sida.

Inne på «spørsmål og svar»-sida vil lesaren finne utfyllande svar på ei rekkje påstandar som Midtfjellet Vindkraft svarar på.

Byrået Sydvest har stått for konsept, design, foto, innhaldsrådgjevning og utarbeiding av tekst i samarbeid med PR-byrået KruseLarsen og Midtfjellet Vindkraft.  

Sida har sjølvsagt eit responsivt design tilpassa alle flater: mobil, nettbrett og desktop.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Magne Langåker

Rådgjevar og fotograf

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt