For Engelsen Bygg leverte me skilting og dekor til Stord Sjukeheim sitt nye bygg. Her var det stort fokus på universell utforming og sikra at lokala var tilpassa alle brukarar sine behov.

Bygget er universelt utforma, slik at alle kan bruka det på ein likeverdig måte. Ein viktig del i dette er skilting og taktile hjelpemiddel. I samarbeid med kunden og interiørarkitekt vart det utforma ein skiltplan. I sjukeheimen finn ein både taktile skilt og tavler, og der det er naudsynt har skilta i tillegg braille (blindeskrift) slik at sjølv svaksynte skal finne fram. Glasmerking og fargar på skilt er vald å ha enkle og reine i utforminga slik at dekoren glir godt inn i arkitekturen til bygget og ikkje tek for mykje av fokuset.

Byrået Sydvest har både designa og montert alle elementa sjølve. Alt er utforma i tråd med statlege retningslinjer for universell utforming, og me har eigen kompetanse på huset som spesialiserer seg innanfor dette. Det er utforma dørskilt, piktogram, glasmerking, tekniske dørnummer og tavler.

Inngangspartiet med skilting.

Innvendig skilting og glasmerking.

Tavlene går godt saman med anna dekor i bygget. Her er taktil golvdekor levert av golvmontør, og flotte bilete frå ein kunstnar montert på veggen.

Glasmerking.

Over kjøkenbenken er det dekorert med historiske bilete.

Nærbilete av kjøkenbenken.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Åse Løkkebø

Rådgjevar

Elisabeth Matre

Produksjon og montering

Ronny Havn

Teamleiar produksjon

Morten Tøkje

AD

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt