Amundsen Diving er ein pionér innan undervannsarbeid i Noreg. Dei har vore i drift sidan 1976, og trong ein nettstad som framheva mangfaldet i arbeidet dei utfører.

Som eit dykkeselskap var det naturleg designe sida slik at du som lesar får kjensla av å vera «under havoverflata» når du les informasjonen du finn på sida. På forsida vil du bryte havoverflata og «dykke ned» når du blar ned på sida, med Siggjo og eine fartøyet til Amundsen Diving synleg i biletet.

Me bidrog til å endra fokus og korleis selskapet snakkar til lesaren gjennom sida si, og sette opp ein ny informasjonsarkitektur for sida. Her har me delt opp i fire kategoriar av tenester, og har ei omfattande referanseliste som kan sorterast på tenestene.

Selskapet har vore i drift sidan 1976, og vore sterkt delaktig i utforming av rutinar og prosedyrer for bransjen. Dette får me fram med eit fokus på historia til selskapet.

Sida ender på havbotnen, der ein dykkar utfører sveisearbeid. Under havbotnen att ser ein inn i ei grotte, der logoar for sertifisering og samarbeidsorganisasjonar viser.
Den omfattande referanselista til selskapet viser eit selskap med lang og stolt historie.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Magne Langåker

Rådgjevar og fotograf

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt