For SKL fekk me i oppdrag å utforme formidlingsplakatar og print til det nye formidlingssenteret i Matre. Alt materiell måtte ha eit visuelt delikat uttrykk og ha god funksjonalitet i høve lesbarhet. Sidan dette er utandørs må alt materiell tåle vêr og vind.

Byrået Sydvest har levert formidlingsplakatar produsert i eloksert aluminium med UV-print direkte på plate. I platene er det innfelt foto på akrylglass. I tillegg er det laga ein frittståande glassvegg 200 × 300cm med delvis transparent vasskraftmotiv. Den kom fram etter idé, og i samarbeid med arkitekt Gaute Aas hjå JK arkitektur som har stått bak utforminga av formidlingssenteret. På utsida er det utfreste stadnamn i svart akryl festa direkte på mur over messingprofil med integrert LED-belysning.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Elisabeth Matre

Produksjon og montering

Morten Tøkje

AD

Øystein Nernes

Produksjon og montering

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt