SKL bidreg til eit moderne samfunn drifta av rein, fornybar energi. Nettstaden set fokus på kvar energien kjem frå, og syner fram krinslaupet frå nedbør til eit elektrisk samfunn. Regn er ikkje berre negativt, men ein viktig del av sjølve livsnerva i samfunnet vårt.

Lesaren vert teken med på ei reise gjennom krinslaupet gjennom animasjonen på framsida når dei blar ned sida. Dei får sjå Folgefonna i regn, der bassenget med vatn driv turbinen som genererer straum. Dette skapar så liv i det lokale samfunnet under – med elektrisk drivne bilar, lastebilar, båtar og ferjer.

Her har me levert ein nettstad som er responsiv på alle flater, sjølv med ein animasjon som strekk seg over heile framsida. I tillegg har me levert eit meir oversiktleg dokumentsystem for finansielle dokument som vert lagt ut på nettstaden.

Animasjonen som ligg som botnlinje (footer) på nettstaden viser morgondagens samfunn – der alt frå hus, bilar, lastebilar, snøggbåtar og ferjer er alt driven av rein, fornybar og berekraftig straum.

Noko som syner storleiken og utstrekninga på arbeidet SKL utfører var viktig for selskapet. Dette har me vist ved å samla alle kraftverka som SKL eig eller er deleigar i på ei side, med bilete og meir informasjon på kvart einskild kraftverk.

Historia til selskapet er òg viktig, og ei eiga historie-side krydra med gamle bilete er med på å vise den historiske forankringa selskapet har.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Deltakarar manglar.

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt