Stovegolvet er ein av dei mest kjende fjelltoppane på Stord, og i høve 25-årsjubiléet til Stord-Fitjar Turlag laga Byrået Sydvest saman med Eldøyane Vedlikehold ei sikteskive som skal vise retning til dei aller fleste fjelltoppane ein kan sjå frå toppen.

Sjølve skiva er laga av stål, og utforminga og graveringa er gjort her i våre lokaler i Hatlandsmyro. Ved å bruke sikteskiva kan du få ei oversikt over dei fleste fjelltoppane du kan sjå frå der skiva er montert, like ved tårnet og hytta på Stovegolvet. Under kan du sjå ein liten timelapse-video av graveringa.

Her kan du lese Stord-Fitjar turlag sin artikkel om monteringa av sikteskiva, og sjå fleire bilete av ho.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Øystein Aarethun Lysne

Utviklar og SEO-spesialist

Morten Tøkje

AD

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt