Den folkekjære og tradisjonsrike treffstaden i sentrum, vår alles Bakeriet Frugård har fått seg ny «pizzabil». Oppgåva var å profilere denne slik at den ivaretek  Bakeriet Frugård sin profil samstundes som den skal skille seg ut.

Bilen er foilert med base i matt militærgrøn foliering, pluss den ikoniske teikninga til Lars Slettebø i sandfarge. Teikninga har fulgt Bakeriet Frugård heilt tilbake til tidleg 90-tall.

Bearbeiding av filer, oppsett av design, printing av folie og montering på bil er alt gjort i våre lokaler hos Byrået Sydvest. Sjå gjerne timelapse-videoen under!

Frå pulten til designaren…

…gjennom rullen i printaren…

…til montørane i hallen…

…vert bilen heilfoliert frå innerst til ytterst.

I dette prosjektet arbeidde me med

Desse var involvert i arbeidet

Morten Tøkje

AD

Terje Tvedten

Produksjon og montering

Elisabeth Matre

Produksjon og montering

Ronny Havn

Teamleiar produksjon

Inspirert? Ønskjer du eit uforpliktande tilbod på ditt prosjekt?

Ta kontakt

Liknande prosjekt