Me søker engasjert designer!

Me har mange spanande prosjekt på gong og treng difor å utvide teamet vårt med ein flink og engasjert designer. Har du nokre års erfaring frå bransjen er det eit pluss.

Me ser etter deg som kan kombinere det visuelle med det konseptuelle.
Du likar å arbeida strategisk mot kunden sin merkevareplattform.
Du må kunne arbeide sjølvstendig, men vera glad i team-arbeid.

Har du nokre års erfaring er det ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du ønsker å utvikla deg vidare.

Kva tilbyr Byrået Sydvest

  • høgt fagleg nivå
  • dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • spennande prosjekt for mange ulike kundar
  • sterk kundeportefølje
  • eit kjekt arbeidsmiljø med sosiale kollegaer
Send søknad med portfolio til marita@byraet.no
Marita Natvik

Avdelingsleiar grafisk og rådgjevar

facebookinstagram